Leppepomade med appelsin & røbet fra Symre - utsolgt

Leppepomaden fra Symre gir næring til leppene og ei frisk gloss.

PrisNOK149,00 inkl. mva.
  • Produktinfo
  • Ingredienser

Symre leppepomade med appelsin & raudbet friskar opp leppene og gir glans. Leppepomaden har ein nydeleg aroma av appelsin, og den flotte fargen kjem frå raudbet frå vår eigen økologiske marknadshage her på garden. Leppepomaden gir næring til leppene og ein frisk gloss.

Symre leppepomade med appelsin og raudbet er laga med talg – naturleg hudpleie laga på ein liten vestlandsgard. Me er opptekne av å nytta oss av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget me har på garden. Me har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret, lagar me hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar – mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di.

Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, olivenolje, honning, raudbet, eterisk olje av appelsin.